Rutebilane i Bremanger As har rutebilstasjon og bilverkstad på Hauge i Bremanger. Selskapet driv i dag med personrutekøyring, turkøyring, godstransport samt reparasjon på små og store køyretøy.
Bedrifta har ni fast tilsette, av dei er tre kvinner. Rutebilane i Bremanger har konsesjon på rutekøyring på Bremangerlandet. Bilparken består seg av ein godsbil og åtte bussar i ulike storleikar, frå 16- til 47- setar. Vi tilbyr også gods og turkøyring utanfor rute.
Vi har gods- og persontransport: Sjå rutetabellar.
Ta kontakt med oss for transport utanom dei faste rutene; vi er behjelpelege med å finne ei god løysing.